My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Wednesday, July 26, 2006

Etterpaaklokskap

Transfered from / flytta frå http://vkdata.tripod.com/OlaHelge [publ juni 2006]

Sist i april månad fekk eg, i eigenskap av Stormeistar i Det Norske Selskap med Hordamål og Kjensle, overlevert personlege årskort frå Valdresmuseet til alle 11 Umbodshavarane i Selskapet. Tanken slo snøgt ned i Stormeistaren at dette måtte vera eit godt høve til å freiste samla karane til "kortutdeling". Samstundes kunne vi, som i 'gamle dagar', finna på noko litt uvanleg å fylla møtet med. Ein var klår over at Valdresmuseet har vore utan lysbileteskanner dei siste 5-6 åra, og kom fram til at vi kunne gjera som borna i "Basarvise" visa hans Alf Prøysen, som nok renn dei fleste av Selskapskarane ihug frå 'Ynskjekonserten' i radioen medan vi var i folkeskulealder : vi får stella til ein god, gamaldags BASAR, og rulla saman nokre kroner til å skaffa museet ein ny skanner! Det var ingen av Umbodshavarane som sette seg imot framlegget frå Stormeistaren, så helga før nasjonaldagen gjekk med til å skriva "tiggarbrev" om gevinstar til ei utvald gruppe føretak og organisasjonar i kongeriket. Sidan DNSMHOK har to *Paabod" i lovene sine, var det Ringnes Bryggeri og Målrørsla som ved sida av nokre utvalde Valdres-føretak som vart utsette for munnleg- og skriftleg kontakt med Selskapet. Eit døme på tiggarbrevet kjem her [dei er alle laga over den same 'leisten' : Høgtvyrde, hjulrullande FOLKEFLYTTARAR ! Stormeistaren har i dag motteke fyljande melding frå Selskapet sin Myntslagar, Ivar Hamre Stormeistar, du er i all fall mykje flinkare til å få tak i gevinstar til basaren, sjølv om to fribillattar til Det Norske Teatret kom til meg i går. "Unnskyld meg, men"... eg fekk ikkje gratis billettar på Valdresekspressen til eventuelle vinnarar av teaterframsyning eller mjødomvising. I staden kunne samferdslestormeistaren til JVB kanskje til eventuelle vinnarar gje "reisebevis lik barnebillett" (sitat slutt). Stormeistaren sende deretter Myntslagaren såvore svar: "Lite bu er betre enn inkje" - og 'barnepris' er truleg billegare enn 'vaksenpris'. Vi tek Samferdslestormeistaren på ordet - sjølv om han såvidt eg skjønar, la til eit kanskje får å sikra seg mot åtak frå bakhald ! Eg sender ein epost til gromkarane i JVB, og bed om skriftleg stadfesting ... du får attpart ! ------------------------------------------------------------------------- Stormeistaren er litt utrygg på kven Myntslagaren tenkjer på, når han nyttar omgrepet "samferdslestormeistaren",. Primært trur han nok at nemnde meistar har postadresse 2967, men - kven veit; det kan og vera einkvan av karane som er oppfostra innan gamle Ourdahls prestegjeld, endåtil på hi sida av den løyndomsfulle Tonsåsen ..... Ein tek seg difor fridomen å adressera denne snøggposten til 4 av gromkarane nede på JVB- administrasjonen ! ..... ..... ..... Det Norske Selskap med Hordamaal og Kjensle (avstytt DNSMHOK) er eit attlati lag for dei faa, skipa i Vestre Slidre vestfjell ein sein haustkveld i aaret 1968 e. Kr. Ei hending ein helst burde gå stillsleg frammom, aller helst gløyma, men som ein kan ta fram ved dette høvet - i samskriving med A/S Jotunheimen og Valdresruten bilselskap; er då hernemnde bilselskap hadde gleda av å frakta eit fleirtal av Selskapskarane - inklusive ei litt for stor mengd heimelaga "Vossaøl" frå Fagernes til nørdst i Lomen kyrkjesokn. [innan hakeparentesar vågar Stormeistaren å påstå at bilselskapet nok bør takka sin skapar for at dei slapp å stå for frakta attende, utpå neste morgonside !] I siste decenniet av førre hundreåret må ein slå fast at aktiviteten i Selskapet gjekk på 'lågt gir', men siste helga i mai 2005, samlast eit fleirtal av Umbodshavarane seg på Husøy, Nøtterøy. Kring nyår 2006, kom det Selskapet for øyra at økonomisk stode ved Valdres Folkemuseum ikkje var den beste. Etter at Stormeistaren ved sjølvsyn kunne slå fast at dei hadde store problem på IT-sida, samlast dei lokalt busette Umbodshavarane 10. januar og gjorde vedtak om å selja ein del av (Ringnes)Orkla-aksjane DNSMHOK kjøpte på 1980-talet, og kjøpa ein farge-laserprinter til Museet for denne aksje-salssummen . DNSMHOK vil pinsaftan (3. juni) samlast på Valdres Folkemuseum [Vårslepp i Valdres], og i samband med dette ’treffet’ freiste å rulle saman nokre kroner til ein Lysbildeskanner, noko Museet ikkje har i dag, og ei stor samling lysbilete burde vore digitalisert før det er for seint. Vi har planlagt å halda ein ’gamaldags Basar’’ på ValdresVis, med personleg inviterte deltakarar – frå lokalt forenings- og næringsliv - Slidrehuset, Valdres Folkemuseum kl. 15. Men eit så originalt Selskap som DNSMHOK må også kunne skilta med originale gevinstar Vår von er at AS Jotunheimen og Valdresruten bilselskap kan ’gi’ Fram- og att farteikn til Hovudstaden til 'barnepris' (eller betre) som sitt bidrag til ’gevinstane’. Dette vil gå inn som del av ei 'gevinstpakke' enten saman med billettar til 'Det Norske Teatret' eller til 'omvising ved Ringnes Bryggeri' Vyrdsamt Ola Helge Fløene /Stormeistar/
-----------------------------------------
Vi møtte mykje godvilje frå dei spurde, men på ovanfor siterte søknad kom inga svar, korkje munnleg eller på snøggpost (e-post). Heller ikkje frå 'Best Western Hotell Bondeheimen' i hovudstaden som vi vona ville vera ei trygg hamn for 'Bygdefolk i Byen* på teatertur - utan høve til å ta ekspressbuss heim etter førestilling ..... Som Prøysen får vi vel stutt nemna nokre av vinnarane. Fyrstegevinsten, omvising på Ringnes Bryggeri, vart vunne av svigerinna til Fanejunkaren, ho er busett i Bøverdalen. Mjødkallen har fått i oppgåve å organisera ein eskorte av Selskapskarar til omvisinga, noko også Greiestyraren har peika på i ein epost 6. juni : No ser me (eg) fram til vitjing på mjødstaden for selskapet. Eg freista ovanfor vinnaren å orde frampå um at selskapskarane - som ein trøystepremie um inkje anna-kunne ledsage ho i denne anledning, Ja: her er ei klår oppgåve/ utfordring for Mjødkallen!! Andregevinsten, 2 billettar til framsyning ved 'Det Norske Teatret', hamna hjå eit ferskt foreldrepar i Røn, så no spørs det berre om kvar og når barnevakt kan organiserast .... Vi hadde fått inn mange bokgåver, mellom anna frå 'det Norske Samlaget' [ved trekkinga av ei av desse bøkene merka vi oss at Myntslagaran i sterke ordelag gjorde merksam på at "detta va åré henne Borgil" (økonomiansvarleg ved Valdresmuseet)] Vidare var det bokgåver frå Valdres Historielag og Valdres Folkemusikkarkiv. - Direktøren for 'Bandlaget Tollevshaugen AL' , hadde gitt 2 CD-ar med utvalde stubbar, diverre spela inn berre i mp3-format [enno]

Endåtil under basaren kom det inn vinstar. Både svigerfar og svigerinna til Stormeistaren, som båe er ute i bokmarknaden med "Fjellgøtt" og "Trådar mellom Himmel og Jord" gav kvar si bokgåve, og leiaren i "venneforeninga til Valdres Folkemuseum", Aud Søyland, vart så imponert over 'Målparagrafen' til DNSMHOK at ho gav eit eksemplar av "Nynorsk av hjartans lyst" For dei som likar tevlingar hadde vi av 'Valdres Travlag' fått gratis inngang til 'Pinsetrav' på Aurdal travbane 2. pinsedag, og denne gevinsten hamna også 'heima åsen' i Slidre. Han Sigurd på Vøle hadde skrive eit retteleg godt gåvebrev, der ein både fekk fri inngang samt fri deltaking i 'Staurbæringstevling' under Gråtasstreffet til 'Sælshagane Gråtassforening' ved Heggebø i Øystre Slidre seinare i år. Gevinsten vart vunnen av Ljodmeistaren (oppvaksen i Dælsbygd'n), men av ukjende årsaker er gevinsten nokre timar seinare mellom hendene på Runemeistaren ( i Køllstadbygden), som etter det Stormeistaren har høyrt, i kraftfulle ordelag overrekte gåvebrevet til banksjefen for NORDEA på Fagernes, som ein i parentes kan nemna som svoger til utferdaren av gåvebrevet. Alle transaksjonane har gått føre seg 'austa åsen' så her kan ein på mange måtar tala om at sirklane vert slutta..... Leiaren i 'venneforeninga', Aud Søyland, hadde stellt til både kaffe og heimebaka kaker til fei frammøtte i Slidrehuset. Ho fekk også høve til å gi oss ei innføring i arbeidet venelaget gjer på Museet. Myntslagaren avslutta basaren med å opplysa at ein hadde fått inn 5.400 (Femtusenfirehundre) kroner. Han levert e desse pengane til Museet tysdag 5/6, så no skal det snart bli skanning av lysbilete! Tilsist ein stor takk til dei som kjøpte årer eller på andre måtar støtta Selskapskarane denne ugløymelege pinseaftan 2006.

De finn litt meir om DNSMHOK på http://users/domaindlx.com/dnsmhok

0 Comments:

Post a Comment

<< Home