My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Saturday, November 01, 2008


Reisefeber, namn-og adressekombinasjonar.


Eg er ikkje glad i klokka.

Eta når ein er svolten og sova når ein er trøytt har vorte ein del av "livsvisdomen". Men i kveld er det annleis - klokka på Windows-skrivebordet fortel meg at om mindre enn eit halvt døger skal vi fara ut or landet, og målet for flyreisa er Chicago.

Dagen har gått med til noko så uvanleg som å ekvipera seg med 4 par sokkar samt 4 "bukse, under, stutt" i ulike farger. - Rettnok såg eg nokre ivrige seljarar på ein stand utanfor Samvirkelaget freiste å lure noko dei kalla "Rakfisktruse" på ein godtruande folkeskare som pulserte gjennom Fagernes under Rakfiskfestivalen. - No har vel ein og annan gromgut trong for å avertera at det er ein storfisk i trusa, men ein må også gå ut frå at trusebrukaren kan verta innklaga for missleiande reklame!

Ferske batteri til digitalkameraet ligg i veska, koffertar og reisedokument er klargjort i løpet av seine kveldstimar. Innsjekking og reservasjon av sete på flya er gjort over internett. - Hittil har eg ikkje kjent noko til såkalla "reisefeber", men no synest det som om temperaturen er på tur oppover skalaen frå dei normale 37 C.

For ein fattig stakkar som dette kalenderåret ikkje har vore lengre enn Nes i Ådal på ei lei - eller Grindaheim på hi, vert dette noko ein må kalle ei stor endring.


Eg ser heller ikkje bort frå at vi vil få ta del i ei anna stor endring medan vi er i Green Bay, Wisconsin på valdagen 4. november. "Change" har vel vore av slagorda vi har fått referert gong på gong på denne hausten.

Denne gongen vil eg prøve å leggje "dagboka" her på bloggsida - for 5 år sida kom ikkje referatet frå opphaldet på hi sida av Atlanterhavet før ved påsketider, medan skrivaren var attende i fedrelandet i slutten av oktober året før.


At "Endring" kan vera eit slagord i samtida har nok ikkje alle kome alle for øyra. For eit par dagar sidan hamna eit brev med namnet mitt på ned på kjøkkenbenken, men eg reagerte på adresseringa. - Her må eg skyte inn at eg i dei seinare åra har opparbeidd ein sterk aversjon mot å opna postkassa og innhaldet i denne, medan eg les elektronisk post til eikvar tid. (ein medisinar kan vel finna ei fagterme om denne tilstanden) ...


Grunnen til at eg tok fram kniven og spretta konvolutten var avsendaren. - Brevet kom frå Citibank, herostratisk kjend frå mange medieoppslag gjennom vårmånadane dette året. I tospann med ei (roten) sidegrein av det vi kjende som eit solid eiketre i 'gamle dagar' sprang desse 'skreddarane til Keisaren' rundt landet, og fekk napp på lokkelåtane sine av sume kommunetoppar både i Nord- og Vest-Noreg. Ikkje berre gav stakkarane kraftinntektene sine for dei næraste 10-åra i kollektfatet til skreddargutane, dei makta attåt dette å låna mykje meir pengar for å auke inntektene i umette kommunekasser.

Om dei fekk løn som fortent, skal eg ikkje setje ned på papiret no. Men, dei hadde kanskje lese H C Andersen si soge godt nok. Den stakkars nakne Keisaren vert snøgt avkledd (det var han vel alt lell...) av ein smågut som ikkje er gamal nok til å ha lært at ein ikkje alltid skal buse fram med sanninga.

Trykkekostnadane til kontraktene kommunetoppane sette namnet sitt under var truleg ein god del større enn verdien av kontraktene, og vi fekk eit klårt teikn på ein usunn, men svært menneskjeleg eigenskap, pengegir !

Ein av figurane Wesenlund ein gong i tiida spelte, kom med utsagnet: "Jeg tørster ikke etter ære og rikdom, jeg tørster etter spekesild"! Vi bør vel gå ut frå at denne figuren ikkje høyrde til kring midten av Gausskurva.


Tilbodsbrevet frå Citibank - om gunstige lån til oppussing av bustad - sette meg i svært dårleg humør. Eg har aldri, og kjem vel heller aldri til å ligga på kne for dette konsernet. - Men kvar hadde dei fått fatt i adressa mi?

Ikkje frå telefonkatalog eller Postverk. Måten dei hadde skrive adresse på tyder på at dei har kjøpt adresselister/database frå eit privatisert foretak som "kjenner" lokalmiljøet.

Det enda med at eg sende eit spørsmål til Datatilsynet:


"Eg syner til vedlegg, eit tilbodsbrev frå Citibank.
Det finn underleg, er adressatfeltet:
Denne adressa må koma enten frå kunderegister hjå xxxxx, eller yyyy. [anonymisert]
At nemnde etatar kontaktar meg med denne adressa har eg ingenting imot, men at ein av desse etatane, evt. gjennom tredjepart spreier adresselister til føretak som skal nytta det til (lokkande?) reklame, er eg lite nøgd med.
Sidan Citibank legg ved ferdigfrankert svarkonvolutt, hadde eg gleda av å sende dei brevet attende, utan å be om noko lån.
Eg trudde elles at det store fleirtalet var såpass merksam på "forretningsmetodene" til Citibank og deira norske hjelparar, at dei ikkje såg seg tent med å kosta på adressert marknadsføring til Gud og kvarmann !
For eigen del vonar eg, at eg - sjølv som ein fattig stakkar, har større tiltru i nærmiljøet enn denne Amerikanske kolossen.
Etter skandalen med salg av framtidige el.kraft inntekter hjå kommunar i Nord-Noreg og på Vestlandet tidlegare i år, burde vel Citibank heller setje seg roleg i skammekroken og skjæra tenner over åtferda si.
Det skulle vore interessant å høyre kvar dei har samla personopplysningane i databasen sin. "


- Det var på vona gjort, sa mannen, skaut på månen. Eg tenkjer vel det same, men det skulle vore moro å sjå om dei svarar.... og kva svaret då seier !

0 Comments:

Post a Comment

<< Home