My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Tuesday, December 06, 2011

Anti vil’n søva – endå vil’n ha mat !


Ja, så seier Valdres-ordtøket om “Ein geisp o ein gap” …
Eg sit godt til rette i “sittevogna” på Bergensbanen. Vi er på Hønefoss, og eg kjenner svemnen er i ferd med å ta over skrotten. Vilja freistar å overstyre, men kampen vert vunnen av makta som ynskjer å gi kvile til utsliten kar. - Så reiser den blankskalla roleg inn i draumeverda.
Eg er småvaken på Nes, og gjer alt eg kan for å halde meg på den medvitne sida av skalaen.
Brått kjenner eg ei hand mot panna, og ei røyst seier: “No er vi på Gol, har du meint å verte med over åsen til Valdres”. – Syskenbarnet, som er bodsend for å transportere meg attende til Åbjør og heimen, gjer ei 180 graders vending og småspring ut frå vogna. Litt brennsvint får eg raska med meg koffert og ryggsekk – eg ottast for at toget snart skal byrje å rotera hjulene mot skinnene – og eg kjem med ut av vogna der konduktøren tek mot meg med utsagnet: “Men du sa jo ikke at du skulle av på Gol. – “Du spurde heller ikkje kvar eg skulle”, seier den nyvakna passasjeren og ser seg om etter bilen som skal gjera siste etappa på utferda “Praha - fram og attende “.
På bilturen over åsen, held ‘sovaren’ seg vaken, og fører ei nokonlunde samanhangande samtale med syskenbarn og tremenning om vér og føre – og elles andre tema vi bygdefolk brukar å småprate om.

Attende i heimen går vegen, etter ei kvilestund over tekoppen, ein etasje opp – og frammom monitoren for å sjå kva ’ innboksen ‘ har fått av nytt innhald sidan eg logga meg inn - frå Praha.
Etter å ha sendt nokre stutte svar, let eg atter svemnen få makta. Men denne gongen med hovudet på pute - og dyne over den storparten av lekamen.
- - - -
“Manns minne” er om lag 3 år. Dette var postulatet til professor Strand under eit arrangement vi hadde i Valdres Forsøksring for mange år sidan. ‘Gudfar’ (ONy) og bloggaren meinte at 3 veker var ei betre tilnærming.
Langt under tre veker har gått sidan eg høyrde skriftlesinga i Frauenkirche. Eg lova meg sjølv at eg skulle hugse kvar ‘teksta’ var henta frå, men NEI – det er blåse vekk frå stuttidsminnet! - Kanskje Bjarte kan friske opp ‘hugset’ mitt ??
På hi sida kverna ei visetekst i her nemnde minne – kanskje helst fordi eg ikkje fekk det til å “hange på greip” ….
No lyt reisefelagane frå Setesdal og Sør-Vestlandet orsaka meg for at eg her let dei falle inn under omgrepet “Sørlandet”, men med tanke på viseteksta, og mi invertering av konklusjonen i denne, vonar eg på snøgg tilgjeving.

Lekkje til visa finn de her (med opphavsnamn) – dersom de vil nytte fleire sansar kan denne lekkja hjelpe.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home