My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Friday, March 04, 2011

Attende på kjende trakter / Back in known land

4. Mars 2011 (blog in Norwegian today - Googlish translation below)

Morgonen starta roleg, underleg kor godt ein søv når ein vert 'vogga' inn i svemnland. Vi hadde her ein kveld kring middagsbordet noko samtale om 'sjøgangen' og bloggskrivaren si meining er at vi alle har hatt eit 9 månaders opphald med mykje 'sjøgang' innan vi slær augo opp i verda vi vert fødde inn i.
Litt mindre filosofisk er at batteria på kameraet var bort i mot utlada då eg prøvde å ta bilete medan vi la til i Harstad, og tida for å springa på land for å handla var for knapp. Men her på "Vesterålen" har dei det meste folk på reisefot har bruk for - ja dei har mangt ein ikkje har bruk for òg.
I Harstad skein sola, men mykje av 'dagslys'reisa i Vesterålen og Lofoten gjekk gjennom låge snøkavar. Etter brua i Risøyhamn (bilete frå Risøyhamn øvst), der eg for 36 år sidan reiste med traktor og tilhenger med bjørkevedlass etter grensegang på "Ny Jord"-feltet, held eg blikket mot aust for å sjå mot Forfjorden og Forfjorddalen. Vi var litt langt unna for å observera om nokon rauk i basketak om lakserettane midt på brua over Forfjordelva, det er heller ikkje sikkert om kamphanane lever i dag. - Fjella mellom Forfjorddalen og Finnsæterfeltet, der Eggulf og eg møtte reinsdyr med bjøller, løynde seg attom låge skyer. Bilete frå den tida finn de nokre av på 'minneboksida' under 59+(Bilete# 47-57). Om det var 'moltebær' (Rubus chamaemorus)på Finnsæterfeltet i fjor haust, veit eg heller ikkje noko om. Kor mange retts- og jordskiftesaker eigedomane har vore objekt for gjennom dei siste 36 åra, eg eg glad eg slepp å kjenna til ! !
-Detvar fyrst etter å ha vore 2 sesongar i Hålogaland at eg skjøna kvifor Kjell Aukrust la denne utsegna i munnen til hobbyjurist Sindre Piltingsrud, Krokryggen Gamlehjem, Ringebu:
"Dersom det forefinnes multer og laks i Himmelen, da foretrekker jeg Helvete"!

På Sortland tok eg ein snøggtur ned på landjorda, sidan eg ikkje var nedom "skipsekspedisjonen" på bilturen i vår. Her var det store endringar sidan 1976 .... nye praktbygg og store investeringar i hamneområde og vegnett. Som i vår var det Kyrkja eg måtte orientera meg ut frå. Ja, eg har vore i Sortland kyrkje for å gifta bort ein av dei næraste venene mine (våren 1977)! [bilete i midten]
Turen frå Sortland til Stokmarknes vart nytta til å sjå dei 3 siste etappene på 4x10 km stafett, det einaste eg har fått med av direktesendingar frå Holmenkollen.
-
Bilete nedst: Stokmarknes
- Lokalhistorielaget si årbok heiter "Hofdasegl"
I Stokmarknes fekk eg triveleg reisefylje. Grete, som bur i Haugesund, var ein tur nordover til barndomstraktene sine - og sidan vi har same tipp-tipp-tipp-tipp oldefar, var det moro for oss båe å utveksla røynsler som 'slektsamlarar'. Grete fortalde om 70-års minnehøgtida for "Lofotraidet". Ho hadde vore på markeringa før ho kom til Stokmarknes, og ho skulle attende for å ta del i kveldsarrangementet. - Vi har avtala eit 'treff' i Valdres for 'Hølersætergreina' som kom til Lofoten kring 1870.
- praten gjekk, "Vesterålen" gjekk og klokka gjekk - Den framskunda middagstida var heilt borte frå tankane mine, like til ei av dei mange "Tordenskjolds soldatar" sto framfor oss og fortalde at eg var sakna ved matbordet. Eg fekk lov å koma til bordsetjing nummer to [dei vil gjerne få i oss maten før vi skal over Vestfjorden].
Etter a ha bedd velleva - og på attersyn - med Grete, rusla eg til matsalen- Her hadde eg venta meg å bli sett i skammekroken som andre uskikkelege 'gutekørpa' som kjem for seint til skuletimen - men nei då, vi etternølarane fekk ein velsmakande middag med både laks og ostekake - med kaffe til avslutting på eit godt måltid.

No fortel 'den bærbare' meg at klokka er 22.56, vi har lagt Stamsund bak oss og er komne ut på Vestfjorden. Går det som tidsplana seier, er vi langs Trøndelagskysten neste gong eg legg ut blogg.
---------------------------------------
Doctored "Googlish translation" :

BACK TO KNOWN SHORES

Next morning started calmly, strange how good a sleep arrives when you are 'cradled' into it. One evening, around the dinner table, we had a conversation about how we feel - sorrounded and tossed here and there by powerful waves, and this blog writer's opinion is that we all have had a 9-month stay with a lot of 'waves' in the womb before we opened our eyes to the world we were born into.

Slightly less philosophical is that the batteries in the camera was discharged when I tried to take pictures while we lay to port in Harstad, and the time to run ashore to buy new ones was too short. But here on "Vesterålen" they have the most of what travellers are looking for - indeed they have many things one does not need too.

In Harstad we get glimps of rays from the sun, but a lot of our 'daylight travel' in Vesterålen and Lofoten went through low snøwshowers. After the bridge in Risøyhamn (image from Risøyhamn top), where I 36 years ago traveled with tractor and trailer and, loads of birchwood for fire, collected at the area of my employer "Society New Land". - I start to look east to see the Forfjorden and Forfjorddalen. We were a bit far away to observe if any if the inhabitants were in a fistfight in the middle of the bridge across Forfjordelva. The fights was usually caused by arguments om who had the legal right to catch salmon in the river. But sivce this happened many years ago the combatants may have found their restingplace in the local cemetery today.

. - The mountains between Forfjorddalen and the Finnsæter field, where Eggulf and I and encountered reindeer eqipped with 'cowbells', are hidden behind the low clouds. Photos from those 'days gone' are to be found in the 'minneboksite' at the catalog 59 + in my domain (Photo # 47-57). If it was 'cloudberry' (Rubus chamaemorus) in the Finnsæterfield last fall, has not come to my knowledge. How many legal- and land consolidation courtcases my former employers properties have been the object of through the last 36 years, is a pleasure not to know !

After working for two seasons in Hålogaland I suddenly understood why the humorist Kjell Aukrust put this statement in the mouth to the' hobby lawyer' Sindre Piltingsrud, "Bent back" retirement Home, Ringebu: "If there are cloudberries and salmon in Heaven, then I prefer Hell"!

On Sortland I took a fast run ashore, because I did not visit the "ship expedition" during my road trip this spring. There were major changes since 1976 .... stunning new construction and major investment in port areas and roads. But the local Church was still in it's old place. Yes, I've been in Sortland Church to marry off one of the closest friends(spring 1977)! [Image in the middle]

The journey from Sortland to Stokmarknes was used to look at the TV- the last 3 stages of the 4x10 km relay of the Nordic ski Worls Championship, the only thing I have been viewing of the direct broadcasts from Holmenkollen.

Photo bottom: Stokmarknes - Localhistory Society's yearbook called "Hofdasegl"

In Stokmarknes I met with a distant relative who accompanied me in the next leg trough Raftsindet to Svolvær. Grete, who lives in Haugesund, was a trip north to her childhoods region - and since we have the same great-great-great-great-great-grandfather, it was fun for us both to exchange experiences as 'family historians'. Grete told about the 70-year memorial celebration for "Lofoten raid" which was arrandeg in Svolvær today. She had been taking part in the celebration selection before she left for Stokmarknes, and she was was going to take part in the afternoon event. - We have agreed a 'a meeting' in Valdres for 'the Hølersæter-branch' who came to the Lofoten Islands around 1870.

- Chat went on, "Vesterålen" went on and the clock ticked away- The dinner (with fixed places in the dining hall) was completely gone from my mind, until one of the many "Tordenskjolds soldiers" stood in front of us and told me that theywaited for me at the table. I was allowed to come to 'sitting' number two [they'd like to get the food into our bellies before we shall cross the 'Vestfjorden'].

After having said a heartfelt goodbye- and 'see you later' - with Gretel, I went to the dining hall, where I had expected me to be seen in the doghouse like other naughty 'schoolchildren' arriving late for school hours - but no luck, - we latecommers had a tasty dinner with both salmon and cheesecake - with coffee to terminate a good meal.

No the 'portable' is showing me that time is 22.56, we have added Stamsund behind us and have come out in the Vestfjorden. Isevrything goes sa planed, we are along the coast of Trøndelag next time I post blog.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home