My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Thursday, March 03, 2011

KVILEDAG - takk vera Eivind Beinlaus


Torsdag 3. Mars 2011

Utanfor Havøysund klokka 09.09
'Feredugurden' er komen i magen, fylgt av eit par koppar svart kaffe - og eg har teke sete i sofaen under aksesspunktet til det trådlause nettverket. Om eg må få lov å gjera 'Magne granne' sin påstand - litt omskriven - til korleis dette sambandsmiddelet er: "Om ikkje det snøggaste, så i alle fall det sikraste" - All ros til denne gratisservicen på "Vesterålen" !
'Kaptenen' har nett fortalt at vi har 25-26 sekundmeters vind, og han er ikkje sikker på om vi legg til kai her. Men nokre minutt seinare er vi fortøya. Litt etter har "Vesterålen" atter sett kursen vestover langs Finmarkskysten. - Det byrjar å rulle så pass at denne fjellbonden (underskrivne) pakkar PCen i sekken og ruslar ned til lugaren.

Reservemobiltelefonen til Tor Magne fortel at klokka har passert 14. Vi er komne til Hammerfest. No har eg vore i matsalen og fått innpå dugurden. Dei har fleire freistande dessertar kvar dag - og ein får ikkje kjeft om ein forsyner seg fleire gonger av desse freistingane. - Vonar dei fleste fekk tid til å eta medan vi var ved kai, for no byrjar "Vesterålen" å 'léa på sé' att. - Ei samtale med junior stadfestar at det er ikkje vindstille i Honningsvåg heller ! - Litt ille at det ikkje vart noko av utferda kalla "Artic energy", men vi har då i røynda hatt rørsleenergi innpå livet i mange timar no.
- Det var nok lurt å spandera nokre kroner på reiselektyre på Fagernes då eg byrja reisea. Men no er boka lese frå perm til perm, og plottet er løyst. Huskinga over Lopphavet / Uvêret i dag gav meg grunn til å få noko lærdom om korleis Japan invaderte Kina nokre år før det store krigsspelet starta i vår verdsdel.
- Vi har fått melding om at det ikkje vert noko middagsservering, ikkje så underleg med eit uroleg underlag å setje føtene på. Men som godtgjersle bankar det på lugardøra, og der står dei med påsmurde smørbrødfat nett som på ein 'skulejuletrefest' og er like ivrige til å nøda ein reisande som gamle tanter er til å tvinga mat i småungar ...
Det vert ikkje stopp korkje i Øksfjord eller i Skjærvøy - vi skal rett til Tromsø, der dei reknar at vi kjem om lag 4 timar forseinka. - Så midnattskonserta i Ishavskatedralen må ein koma innom ein annan gong !
Som de skjønar er det ikkje mange bilete å illustrera bloggen med denne dagen, har vore ute i fri luft berre då vi var innom Hammerfest. No er også batteria i kameraet utlada, så ei ny investering må til.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home