My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Thursday, November 20, 2014

YNSKJEDIKTET 

20. november 2014

I eposten min fann eg i dag tidleg denne sendinga: 

Eg er, som vel du veit, ein fåmen mann, 
som ikkje skjønar kva som hende kan 
når eg vil lagra dokument og skriv 
eg helst vil finna att i EITT arkiv ! 

Hjelp meg, du, Meister, eg har fare vill, 
og skjønar ikkje korleis det går til 
at tastetrykk for “lagring” sender skriv 
eg lagre vil, til feil arkiv ? 
 ….. 

Den karen som har fare vill 
fortener nok at eg er snill 
Og når ein les hans fyrste verselin(j)e 
angar det av «Pantebrev» frå [A.O.] Vinje 

svaret lydde: . . .

 Der er kje’ alltid like lett å sjå 
kva mappe lagringsvegen peiker på 
At du har fare vill – eg ikkje trur 
- eg reknar at vi “lagringsvegen” snur .. 

 I lang tid har eg tenkt meg opp til Vang - 
ein stogg i Vioveg vert ingen tvang
 Du er vel heime mellom ti og tolv 
Så eg kan søletrø ditt reine golv !

0 Comments:

Post a Comment

<< Home