My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Monday, November 03, 2008




Løynde gravstader og mjølk på avvegar.

Vi er garantert ikkje dei fyrste frå Valders som gjestar Valders i Manitowoc County i Wisconsin, kanskje heller ikkje dei fyrste som vert spurde om å vera vegvisarar.

Vi har stogga framfor vasstårnet i Valders, og pater familias har teke ein liten rusletur langs hovudvegen i nærleiken av Valders Middle School. Ein eldre mann kjem køyrande mot meg, stoggar, rullar ned bilglaset og spør meg om eg veit kvar skula er.
Eg må berre medgi at det har eg inga greie på, men dersom han hadde spurt om ei skule i Valdres, Noreg - sjå, då skulle eg nok ha "sett han på raste". Karen i bilen undrast nok litt på om eg skrønar, men etter å ha høyrt korleis uttalen min av amerikanske gloser ikkje fell over eins med nokon av dei målføra han kjenner til frå nærområdet, seier han at han får køyra litt rundt, så finn han vel den vesle jenta som hadde reist til skula utan å ta med seg drikke attåt skulematen.
Sidan vi no er i staten som gjerne marknadsfører seg med "The Dairy State", er det vel lurt å gjera mjølkedrikking til ein vane.
Vi bed velleva, og eg snur stega attende mot leigebilen og ein unåg sjåfør.


- Ikkje lenge etter finn vi gravlunden der den gamle kyrkja i Valders eingong stod, oppe på ei lita høgde litt vest for bygdesenteret. Kjende gardsnamn frå Valdres lyser mot oss mest alle stader, Lommen, Berge, Alfstad og Ulness samt ei lang rekkje sen-namn der mange av dei som kviler under desse gravminna nok har opphavet sitt frå "perla mellom dalane".

At eg frå tid til anna har lagra bilete av gravsteinar på minnekorta mine er vel no ikkje ukjent for mange, men i dag er vi på jakt etter ei heilt bestemt grav. Det har gått under eitt minutt etter at vi byrja å leite, og brått høyrer eg sonen min rope: "Her æ'n, va dæ kji Jole du sa ?"

Jau, då fall nok ei lita brikke av puslespelet kring å dokumentera utvandringa frå Åbjør på plass. Kameraet kjem fram, og han Knut Olsson, med røter frå Brøto skal no få biletet av gravsteinen sin på arkivkortet i databasen. Kanskje vil det bli litt lettare å finna etterslekt og, sidan grava såg velstellt ut. Gravsteinen ved sida synte seg å vera over mor og far hans Knut, og eg undra meg litt over om vi var dei fyrste slektningane "heimante" som æra minnet til desse pionerane.

Eit par timar seinare er vi framme i De Pere, tett ved Green Bay i Wisconsin, og her slær vi oss til ro inntil vi veit kven som vert den nye presidenten i USA. Om nokre timar skal vi gå til valglokalet i lag med han Milo Fossen, som i parentes merka har 4 oldeforeldre frå Åbjør og 2 frå Liagardo i Vang.

For å la bygdepatriotismen bløme vidare, er eg nøydd til å nemne at Åbjøringane manglar representasjon i Valkrinsen vi vart flytta over til framfor siste Stortingsval, men eg reknar med at han Oddgeir Rudi ser til med at vi kjem nærare likestilling bygdene imellom ved neste krossveg.

- og om godt og vel eit døger sit eg nok ved tastaturet att - det som hender her i Sambandsstatane i morgon vil nok ha innverknad på heile verda i dei åra som kjem.

1 Comments:

Blogger Brocante said...

Ja, det er interessant å besøke kirkegårder i Wisconsin, Minnesota og the Dakotas. Takk for rapporten og godt valg. "Change we need" Hilsen Per Odd Smelhus

12:40 AM  

Post a Comment

<< Home