My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Sunday, March 06, 2011

Frå Trondhjæm gjennom "fogderia"



6. Mars 2011

Det 'lakkar og lir' mot slutten av Sundagen. No lyt eg vedgå at desse ti dagane eg no har vore på reisefot, alle har vore 'helgedagar'. I går hadde eg vanskar med å skjøna kvifor mest alle butikkane i Brønnøysund var stengde, eg hadde kome heilt ut or 'dagarekninga' og kunne ikkje fatta at "i morgon er det Sundag, Herre" [fritt etter Snorre].
- Ei strofe frå "Blåbærturen" (Alf Prøysen) kverna i minnet. Vi går no "stillt og roleg 'ned' den vegen son vi kom"! Det bar ut Trondheimsfjorden - vi runda Agdenes fyr (bilete øvst) og for med 'vit og lempe' langs "Trondheimsleia" - som Noregskartet har som tekst over den stipla skipsleia. Kameraet kom fram att utanfor Tjeldbergodden. (bilete)

"Vesterålen" ringar seg inn til hamneområdet i Kristiansund.(bilete) No tek vi til å koma i ytterkanten for 'Trøndske målføre', og ved landgangen handhelsar eg på tremenning Bjørn Anmarkrud, som tok turen ned på kaia for å slå av ein prat. Nå vart det Aurdalsmål 'for alle pengane" !

Etter stutt tid (knappe halvtimen) vert kursen sett mot Molde. No sig mørkret på og Fujikameraet mitt rundar snart 10 år, så nattbilete er ei umogeleg oppgåve! - Eg har nok gjort store augo mange gonger under turen når eg har sett kva slag fotoutstyr storparten av dei andre 'turistane' har med seg. - Men ein overlevingskunstnar (survivalartist) i sjølvvald fattigdom treng vel ikkje klaga når han kan vera med på "den vakraste sjøreisa i verda".

Vi har kome til det andre av dei 3 "fogderia" Møre og Romsdal fylke er sett saman av.
Som i dei fleste andre hamner der Hurtigruta ferdast, ligg Thon Hotels limt inntil hurtigrutekaia. 'Denna "Hallingkongin" har nok vét té o sæta pængatn sine i jord mæ høg kvadratmeterpris - é lure på om'n rækna mæ at havet inkji kjæm té stige stort om isen rundt polatn smælta, slek so engon miljøprofeten ha spått'
- I Svolvær var det kombinasjonen "Børs og Katedral" som slo meg både når eg kom som bilturist i vår, og sjøvegen denne gongen. Her i Molde var det granneskapen mellom Thon Hotels og Folkets hus som i mine augo er ei slåande kontrast - eller burde vi setje verbet i imperfektum ??? (bilete)

- Ved inngangen til Hurtigrutelokala i Molde vert eg møtt av ein gamal studiekamerat, Byrge Fitje, som eg ikkje har sett på snart 40 år. Han var lett å kjenna att, hadde ikkje endra seg mykje på dei åra eg ikkje har sett han. - Vi får setje vår lit til at vi alle elleve kan få høve til å treffast innan nokon av oss ikkje lengre har føtene oppå landjorda!

Så er midnattstimen snart omme, og i dag kjem vi attende til Bergen. Når eg kjem innom dørstokken i Åbjør, er tida inne til å finna essensen av dei dagane eg har lagt bak meg langs Norskekysten.

- Dette forbaska opplastingsprogrammet snur bileta etter eit kjent Bibelord - eg får tilslag både hjå Matteus 20:16 0g Lukas 13:30
God natt !
--------------------------------------------
For my friends who don't read Norwegian, here is a doctored Googlish translation (use the links in the Norwegian text):

From Trondhjem trough the "Fogederies"

The clock is 'ticking' towards the end of Sunday. Now I'll have admit that these ten days I now have been on the road, all have been like 'Sundays'. Yesterday I had difficulty understanding why almost all the shops of in the COOP Brønnøysund mall were closed, I had completly managed to forget about the calendar and did not know that "tomorrow is Sunday, Lord" [free translation from Snorri].

- A line from "Blueberries tour" (written by AlfPrøysen) mill in memory. We now travel "Prepared and calm 'down' the road we went before!" We came out the Trondheim fjord - we rounded Agdenes/(top photo) and set the course along "Trondheimsleia" - as Norway map's text our the dotted fairway. By Tjeldbergodden I once more lifted the camera out of it's small case. (Photos)

"Vesterålen" brings us into the harbor area in Kristiansund. (Picture) No ew have come to the edge of the 'Trøndske dialects area', and at the gangway I am saluted by my second cousin Bjorn Anmarkrud, who went down on the dock to have a short chat with me . Now there was Aurdal-dialec' spoken in the reception area !

After a short time (just under half an hour) "Vesterålens" course is set for Molde. Now night dakkness has fallen - and my Fujicamera, which soon celebrates it's 10. birthday in my possesion, is not suitable for night photographing! - I've probably made great eyes many times during the trip when I've seen what kind of photo equipment most of the other 'tourists' have with them. - But as a survivalartist - in self-chosen poverty - I better not complain when I have the opportunity to join the "most beautiful voyage in the world."

We have now entered into the second of the 3 "Fogderies" More og Romsdal county is composed of.

As in most other ports where the Coastal Steamer is traveling, Thon Hotels is glued up to the steamer pier. 'This' "Hallingking" (also the name of a late recehorse) has a good nose of investments, and a large staff to take care of his money - it looks like they has invested in land with high prices per square meter. It looks though, as they expect the 'climate crisis guys' to be wrong about the level of sea rising if the ice melts in the polar areas'

- In the Lofoten was the combination of "Stock Exchange and the Cathedral" that struck me both when I entered as car tourist in the spring, and from the saeside this time. Here in Molde was the close neighbourhood between Thon Hotels, and the Folkets Hus (People's House) that makes a striking contrast in my thoughts eyes are a striking contrast - or should I put the verb in the imperfect?? (Photos)

- By the doorway of the Hurtigruten offices in Molde I met an old fellow student, Byrge Fitje, that I have not seen in almost 40 years. He was easily recognizable, had not changed much in the years that I have not seen him. - I certainly hope that all eleven of us - who shared the drawing-room for three years back in the early 70's - can be given the opportunity to meet while all of us still has our feet on top of the soil!

Now soon - the midnight hour has passed, and today we will be back to Bergen. When I enter across the treshold back in Åbjør, the time has come to find the essence of those days I have put behind me along the Norwegian coast.

- This silly Google blogger picture-loading program reshuffles my pictures according to a famous passages from the Bible -found both in Matthew 20:16 and Luke 13:20

Good night!

0 Comments:

Post a Comment

<< Home