Frå Ørnes til Raftsundet
Det har vorte sundag kveld, kalenderen fortel at det er 27.mars og eg er i mitt sekstiandre år.
Dagen starta med ein liten tur i land i Ørnes (Meløy), der eg i vår var innom og fylte full tank på Omegaen. Turen gjekk så vidare mot Bodø og eg byrja å gjera meg klar vil å vinka inn mot ”Villsauøya” til ’hain Helling’. – ut frå kartet var det greitt både å sjå og å fotografera kyrkja i Gildeskål. Kva for ei øy(på babord side? Av ”Vesterålen” han Victor sto på, er eg enno ikkje sikker på, men eg beit meg merke i ein holme med mykje granplanting.
I Bodø rusla eg ein liten tur i byen, kjøpte meir ringetid på junior sin medsende reserve mobiltlf. – og gløymde totalt av dugurden om bord. Eg fekk kasta innpå ei skål karamellpudding innan dei kasta folk ut, så det vert eit dyrt måltid !
Over Vestfjorden tok eg ei roleg stund i køya, var til og med i svemnland ei tid. Men eg vakna innan det var middagservering, og vi hadde ei morosam stund ved ”det norske bordet”. Ei telefonsamtale med junior hjelpte meg å finna mobiltelefonnummer i Svolvær, og etter å ha stått ute og fylgt med på innseglinga, vart eg teke med på ein tur i sentrum av ’Lofothovudstaden’, og fekk konjakk og ein triveleg prat med mor og son Strøm (vi treffest nokre leder attende i slektstreet).
No er eg nett innkomen frå servering av fiskekaker og Trollpunsj i regnvêr på akterdekket, lysshow ved innseglinga til Trollfjorden – og no, nokre minutt over midnatt [i dag er det MÅNDAG, Herre] er vi på god tur nordover Raftsundet og legg til på Hadseløya (Stokmarknes) om ikkje så lenge. - Landstiging på Sortland får venta til vi er på Sørgåande.Bilete: Gildeskål kyrkje, der Villsaueigaren var på jubileumsmesse [175 års høgtiding for presten og salmediktaren Elias Blix] -
Rådhuset i Bodø - inngangsparti
0 Comments:
Post a Comment
<< Home