Strange thoughts and small blowouts

My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Monday, February 28, 2011

Harstad - Tromsø - Skjærvøy

















28. februar 2011:

Kvelden har sige på, klokka er snart ti (21.59 no) og vi er på kurs mot Skjærvøy. Dagen har vore triveleg sjølv om veret ikkje har gjeve høve til mykje fotografering. Då eg sto opp, rett før Harstad, var det lyst og god sikt, men nordetter mot Finnsnes og Tromsø møtte vi mange snøbyger og grå dis. I Tromsø vart eg henta på hamna av Marit og Ole. Dei 4 timane innan ”Vesterålen” la frå kai gjekk svært snøgt i godt lag. Sidan grått skjegg og alpelue er eit godt kjennemerkje, tok det heller ikkje lang tid å finna meg i den store flokken som taut ut for å ta del i ymse program medan skipet låg i hamn. Men eg er truleg den einaste Valdrisen om bord på denne turen, så ein skulle vel kunne plukke meg ut på dialekta.
Vel attende på Vesterålen gjekk vegen rett til ”det norske bordet” i matsalen. Ein kan trygt fortelja at det er lite høve til å bli svolten for oss som er med på ’rundtur’. – Problemet er heller korleis ein skal få vektauken bort når ein kjem heim !
Bilete høgre/right: ’Once upon the time’ Freiareklama hjå lokalkjøpmannen….
Bilete vinstre/left: ’Eg vart svært godt teken vare på av vertsfolka i Tromsø’

Sunday, February 27, 2011

Frå Ørnes til Raftsundet










Det har vorte sundag kveld, kalenderen fortel at det er 27.mars og eg er i mitt sekstiandre år.

Dagen starta med ein liten tur i land i Ørnes (Meløy), der eg i vår var innom og fylte full tank på Omegaen. Turen gjekk så vidare mot Bodø og eg byrja å gjera meg klar vil å vinka inn mot ”Villsauøya” til ’hain Helling’. – ut frå kartet var det greitt både å sjå og å fotografera kyrkja i Gildeskål. Kva for ei øy(på babord side? Av ”Vesterålen” han Victor sto på, er eg enno ikkje sikker på, men eg beit meg merke i ein holme med mykje granplanting.

I Bodø rusla eg ein liten tur i byen, kjøpte meir ringetid på junior sin medsende reserve mobiltlf. – og gløymde totalt av dugurden om bord. Eg fekk kasta innpå ei skål karamellpudding innan dei kasta folk ut, så det vert eit dyrt måltid !

Over Vestfjorden tok eg ei roleg stund i køya, var til og med i svemnland ei tid. Men eg vakna innan det var middagservering, og vi hadde ei morosam stund ved ”det norske bordet”. Ei telefonsamtale med junior hjelpte meg å finna mobiltelefonnummer i Svolvær, og etter å ha stått ute og fylgt med på innseglinga, vart eg teke med på ein tur i sentrum av ’Lofothovudstaden’, og fekk konjakk og ein triveleg prat med mor og son Strøm (vi treffest nokre leder attende i slektstreet).

No er eg nett innkomen frå servering av fiskekaker og Trollpunsj i regnvêr på akterdekket, lysshow ved innseglinga til Trollfjorden – og no, nokre minutt over midnatt [i dag er det MÅNDAG, Herre] er vi på god tur nordover Raftsundet og legg til på Hadseløya (Stokmarknes) om ikkje så lenge. - Landstiging på Sortland får venta til vi er på Sørgåande.

Bilete: Gildeskål kyrkje, der Villsaueigaren var på jubileumsmesse [175 års høgtiding for presten og salmediktaren Elias Blix] -
Rådhuset i Bodø - inngangsparti

Saturday, February 26, 2011

Rusletur i Trondheim
















Etter ei god natts svemn og ein uvanleg stor føredugurd (til meg å vera) vart føtene sette på prøve i ein by som mange stader baud på glatt underlag. Det var ‘skeissebane både nede ved Nidarosdomen og oppe på Kristiansten Festning, der eg laut ‘gå firføting’ for å koma opp på festningsvollen for å få teke bilete. Eg vart fortalt at gårdagen hadde gjeve svørt mange fall- og brotskader i byen. - For eigen del har eg ikkje lyst på meir stålinnlegg i legg og ‘åklo’ enn det eg er utystyra med fram til i dag. Sjølv om eg ikkje gjekk gjennom “Lykkens portal” før enn sist på fotturen min, var hellet med meg, og eg kom uskadd og ved godt mot attende til Hurtigrutekaia.
Om ein knapp halv time reiser “Vesterålen” vidare nordetter, og utpå kvelden legg vi til Rørvik, om alt går etter tidsplana.
Så får eg vel sova meg nordetter Helgelandskysten, men ta sikte på å vera vaken så eg får vinka til ‘hainn Helling” på ‘Villsauøya‘.

Bilete: (meir utval på Picasasidene mine)
venstre/left Nidarosdomen
høgre/right Kristiansten

Friday, February 25, 2011

Northwards bound !



HURTIGRUTA - dag 2
At the moment "Vesterålen" is bound for Molde in Romsdalen. One hour ago I said goodbye to my old friend, Jostein, in Ålesund. Weather har been a lot better than predicted on yr.no. We have seen parts of blue sky - and the wind has not been too bad.
Bilete høgre side/right: "Steinvasking ved Stadtlandet"/"Stonewashina at Stadtlandet"

Bilete til vinstre/left: “Sunnmørsvikingar"