Strange thoughts and small blowouts

My Photo
Name:
Location: Valdres, Norway

Tries to give good advice to others, don't manage to follow those leads myself ....

Thursday, November 13, 2008




Utan PC - ingen blogg !

No har det gått nokre dagar sidan eg kom inntil eit tastatur, men i kveld har eg fått kopiert bileta frå kamera over på minnestikka - og også overført til googlealbumet mitt.

Tor Magne sa sundagsettermiddagen at eg hadde fått mi tilmålte tid av dei 2 vekene vi er over her, og no skulle han få ta over kommandoen.

Som de ser av kartet, har vi no i løpet av fire og ein halv dag lagt bak oss mange mil av ulike "Interstate" vegnummer.

Mange interesante landskapsformar har vi farta gjennom - vi har vore i Kansas (ikkje i Røn!),prøvd krydra mat i Texas, sett Las Vegas sitt lyshav fløyme mot oss, køyrt i snøføyke gjennom Vail Pass i Colorado ( 10000 feet elevation).

Denne natta slær vi oss til i Newton, Iowa - for i morgon å setje kursen mot Madison og "Valdresområda" i Dane County, Wisconsin.
Bileta finn de her: picasaweb.google.no/vkdata

Thursday, November 06, 2008


Vintermånad både her og både der ....

Snøen lava ned, leigebilen vi køyrer har ikkje dei aller best mønstra dekka, så Super8 motellet i Aleksandria, Minnesota er sove- og kvilestad for natta. Vi hadde vel høyrt ymta frampå om at ei endring i veret var i kjømda, men å gå frå atten til null på nokre få timar, var uventa.

Det syner seg at nokre gode hjelparar har bedd inn til eit "selkele" pratelag komande sundag . "Gjestelista" er lang og ei rekkje kjende namn frå heimtraktene er å finne. Ikkje minst har desse aktive kvinnene hjelpt oss med å få levert alle bygdebøker og annan høgkulturell lesnad vi tar "sterta og lyfta" med oss hittil på turen.

Eg vonar også at rakafiskfileten hans Endre vil falla i smak blant 4. og 5. generasjons Valdrisar. Det fyrste "fermenterte fiskestykket" vart konsumert i går kveld i Brown County, Wisconsin.

Trafikken har glidd fint heile køyreturen denne dagen, bortsett frå kø ut frå Minneapolis grunna at ein lastebil hadde kome ut or vegbanen. Tor Magne har falle heilt inn i køyrestilen her i Midtvesten, og far hans har ikkje vore nervøs i det heile.

Wednesday, November 05, 2008


Vel overstått !

Så er vallokala stengde, stemmene er opptalde frå kanten av Atlanterhavet til langt ut i Stillehavet, og ein ny president vil flytta inn i det kvite huset litt utpå nyåret.

Vi starta dagen med å vitje vallokalet her i nærområdet, og eg fekk lov å bli med Milo gjennom stemmegjevinga. Eg snudde sjølvsagt ryggen til medan han tusja inn dei streka som trengdest på røystesetelen, og undra meg over kor snøgt og effektivt stemmegjevinga gjekk for seg. Skilnaden mellom ei røysting på bygdehuset i heimbygda og her var fyrst og fremst talet av manntalsførte folk, samt at her vart stemmesetelen optisk lesen og overført elektronisk innan du hadde kome ut gjennom utgangen.

Biletet syner Milo Fossen saman med 5-menningen sin utanfor vallokalet.

Som i så mange heimar denne kvelden, var vi langtidsparkert frammom fjernsynsskjermen for å ta del i oppteljing og valresultat. Folket ynskte endring, og order "Landslide" (jordskred) vart ordet mange politiske journalistar nytta utover kvelden. - Meldinga kom rett etter at vallokala stengde langs Stillehavskysten. NBC innleia med å fortelja: "No kjem det ein småbarnsfamilie til å bu i "the White House" - for fyrste gong sidan 1960.

Dei som kjenner meg, har sjølvsagt alt gjort seg opp ei meining om kva eg tykkjer om resultatet.

Eg må berre medgi at eg gjennom dei dagane vi fartar gjennom ein liten del av dette store landområdet, møter mange av dei eg er samd med, og mange eg ikkje er samd med. (om politisk ståstad) - Men slik er verda.

Monday, November 03, 2008




Løynde gravstader og mjølk på avvegar.

Vi er garantert ikkje dei fyrste frå Valders som gjestar Valders i Manitowoc County i Wisconsin, kanskje heller ikkje dei fyrste som vert spurde om å vera vegvisarar.

Vi har stogga framfor vasstårnet i Valders, og pater familias har teke ein liten rusletur langs hovudvegen i nærleiken av Valders Middle School. Ein eldre mann kjem køyrande mot meg, stoggar, rullar ned bilglaset og spør meg om eg veit kvar skula er.
Eg må berre medgi at det har eg inga greie på, men dersom han hadde spurt om ei skule i Valdres, Noreg - sjå, då skulle eg nok ha "sett han på raste". Karen i bilen undrast nok litt på om eg skrønar, men etter å ha høyrt korleis uttalen min av amerikanske gloser ikkje fell over eins med nokon av dei målføra han kjenner til frå nærområdet, seier han at han får køyra litt rundt, så finn han vel den vesle jenta som hadde reist til skula utan å ta med seg drikke attåt skulematen.
Sidan vi no er i staten som gjerne marknadsfører seg med "The Dairy State", er det vel lurt å gjera mjølkedrikking til ein vane.
Vi bed velleva, og eg snur stega attende mot leigebilen og ein unåg sjåfør.


- Ikkje lenge etter finn vi gravlunden der den gamle kyrkja i Valders eingong stod, oppe på ei lita høgde litt vest for bygdesenteret. Kjende gardsnamn frå Valdres lyser mot oss mest alle stader, Lommen, Berge, Alfstad og Ulness samt ei lang rekkje sen-namn der mange av dei som kviler under desse gravminna nok har opphavet sitt frå "perla mellom dalane".

At eg frå tid til anna har lagra bilete av gravsteinar på minnekorta mine er vel no ikkje ukjent for mange, men i dag er vi på jakt etter ei heilt bestemt grav. Det har gått under eitt minutt etter at vi byrja å leite, og brått høyrer eg sonen min rope: "Her æ'n, va dæ kji Jole du sa ?"

Jau, då fall nok ei lita brikke av puslespelet kring å dokumentera utvandringa frå Åbjør på plass. Kameraet kjem fram, og han Knut Olsson, med røter frå Brøto skal no få biletet av gravsteinen sin på arkivkortet i databasen. Kanskje vil det bli litt lettare å finna etterslekt og, sidan grava såg velstellt ut. Gravsteinen ved sida synte seg å vera over mor og far hans Knut, og eg undra meg litt over om vi var dei fyrste slektningane "heimante" som æra minnet til desse pionerane.

Eit par timar seinare er vi framme i De Pere, tett ved Green Bay i Wisconsin, og her slær vi oss til ro inntil vi veit kven som vert den nye presidenten i USA. Om nokre timar skal vi gå til valglokalet i lag med han Milo Fossen, som i parentes merka har 4 oldeforeldre frå Åbjør og 2 frå Liagardo i Vang.

For å la bygdepatriotismen bløme vidare, er eg nøydd til å nemne at Åbjøringane manglar representasjon i Valkrinsen vi vart flytta over til framfor siste Stortingsval, men eg reknar med at han Oddgeir Rudi ser til med at vi kjem nærare likestilling bygdene imellom ved neste krossveg.

- og om godt og vel eit døger sit eg nok ved tastaturet att - det som hender her i Sambandsstatane i morgon vil nok ha innverknad på heile verda i dei åra som kjem.

Saturday, November 01, 2008


Reisefeber, namn-og adressekombinasjonar.


Eg er ikkje glad i klokka.

Eta når ein er svolten og sova når ein er trøytt har vorte ein del av "livsvisdomen". Men i kveld er det annleis - klokka på Windows-skrivebordet fortel meg at om mindre enn eit halvt døger skal vi fara ut or landet, og målet for flyreisa er Chicago.

Dagen har gått med til noko så uvanleg som å ekvipera seg med 4 par sokkar samt 4 "bukse, under, stutt" i ulike farger. - Rettnok såg eg nokre ivrige seljarar på ein stand utanfor Samvirkelaget freiste å lure noko dei kalla "Rakfisktruse" på ein godtruande folkeskare som pulserte gjennom Fagernes under Rakfiskfestivalen. - No har vel ein og annan gromgut trong for å avertera at det er ein storfisk i trusa, men ein må også gå ut frå at trusebrukaren kan verta innklaga for missleiande reklame!

Ferske batteri til digitalkameraet ligg i veska, koffertar og reisedokument er klargjort i løpet av seine kveldstimar. Innsjekking og reservasjon av sete på flya er gjort over internett. - Hittil har eg ikkje kjent noko til såkalla "reisefeber", men no synest det som om temperaturen er på tur oppover skalaen frå dei normale 37 C.

For ein fattig stakkar som dette kalenderåret ikkje har vore lengre enn Nes i Ådal på ei lei - eller Grindaheim på hi, vert dette noko ein må kalle ei stor endring.


Eg ser heller ikkje bort frå at vi vil få ta del i ei anna stor endring medan vi er i Green Bay, Wisconsin på valdagen 4. november. "Change" har vel vore av slagorda vi har fått referert gong på gong på denne hausten.

Denne gongen vil eg prøve å leggje "dagboka" her på bloggsida - for 5 år sida kom ikkje referatet frå opphaldet på hi sida av Atlanterhavet før ved påsketider, medan skrivaren var attende i fedrelandet i slutten av oktober året før.


At "Endring" kan vera eit slagord i samtida har nok ikkje alle kome alle for øyra. For eit par dagar sidan hamna eit brev med namnet mitt på ned på kjøkkenbenken, men eg reagerte på adresseringa. - Her må eg skyte inn at eg i dei seinare åra har opparbeidd ein sterk aversjon mot å opna postkassa og innhaldet i denne, medan eg les elektronisk post til eikvar tid. (ein medisinar kan vel finna ei fagterme om denne tilstanden) ...


Grunnen til at eg tok fram kniven og spretta konvolutten var avsendaren. - Brevet kom frå Citibank, herostratisk kjend frå mange medieoppslag gjennom vårmånadane dette året. I tospann med ei (roten) sidegrein av det vi kjende som eit solid eiketre i 'gamle dagar' sprang desse 'skreddarane til Keisaren' rundt landet, og fekk napp på lokkelåtane sine av sume kommunetoppar både i Nord- og Vest-Noreg. Ikkje berre gav stakkarane kraftinntektene sine for dei næraste 10-åra i kollektfatet til skreddargutane, dei makta attåt dette å låna mykje meir pengar for å auke inntektene i umette kommunekasser.

Om dei fekk løn som fortent, skal eg ikkje setje ned på papiret no. Men, dei hadde kanskje lese H C Andersen si soge godt nok. Den stakkars nakne Keisaren vert snøgt avkledd (det var han vel alt lell...) av ein smågut som ikkje er gamal nok til å ha lært at ein ikkje alltid skal buse fram med sanninga.

Trykkekostnadane til kontraktene kommunetoppane sette namnet sitt under var truleg ein god del større enn verdien av kontraktene, og vi fekk eit klårt teikn på ein usunn, men svært menneskjeleg eigenskap, pengegir !

Ein av figurane Wesenlund ein gong i tiida spelte, kom med utsagnet: "Jeg tørster ikke etter ære og rikdom, jeg tørster etter spekesild"! Vi bør vel gå ut frå at denne figuren ikkje høyrde til kring midten av Gausskurva.


Tilbodsbrevet frå Citibank - om gunstige lån til oppussing av bustad - sette meg i svært dårleg humør. Eg har aldri, og kjem vel heller aldri til å ligga på kne for dette konsernet. - Men kvar hadde dei fått fatt i adressa mi?

Ikkje frå telefonkatalog eller Postverk. Måten dei hadde skrive adresse på tyder på at dei har kjøpt adresselister/database frå eit privatisert foretak som "kjenner" lokalmiljøet.

Det enda med at eg sende eit spørsmål til Datatilsynet:


"Eg syner til vedlegg, eit tilbodsbrev frå Citibank.
Det finn underleg, er adressatfeltet:
Denne adressa må koma enten frå kunderegister hjå xxxxx, eller yyyy. [anonymisert]
At nemnde etatar kontaktar meg med denne adressa har eg ingenting imot, men at ein av desse etatane, evt. gjennom tredjepart spreier adresselister til føretak som skal nytta det til (lokkande?) reklame, er eg lite nøgd med.
Sidan Citibank legg ved ferdigfrankert svarkonvolutt, hadde eg gleda av å sende dei brevet attende, utan å be om noko lån.
Eg trudde elles at det store fleirtalet var såpass merksam på "forretningsmetodene" til Citibank og deira norske hjelparar, at dei ikkje såg seg tent med å kosta på adressert marknadsføring til Gud og kvarmann !
For eigen del vonar eg, at eg - sjølv som ein fattig stakkar, har større tiltru i nærmiljøet enn denne Amerikanske kolossen.
Etter skandalen med salg av framtidige el.kraft inntekter hjå kommunar i Nord-Noreg og på Vestlandet tidlegare i år, burde vel Citibank heller setje seg roleg i skammekroken og skjæra tenner over åtferda si.
Det skulle vore interessant å høyre kvar dei har samla personopplysningane i databasen sin. "


- Det var på vona gjort, sa mannen, skaut på månen. Eg tenkjer vel det same, men det skulle vore moro å sjå om dei svarar.... og kva svaret då seier !